leygardagur 3. mars 1984síða 14
‹ fyrra síða allar 24 síður næsta síða ›
Hendan síðan hevði ongan tekst í PDF-skjalinum. Teksturin niðanfyri er lisin maskinelt (OCR) og kann hava villur.
Tekstur á síðuni
Leygardagur 3. mars 1984 |
er ingen
rár med tida
Eg er god ven med ein
prest. Han er naboen min,
og han er færing. Lagna-
den har ført oss begge til
Kjøbenhavn, der vi tek
hand om kvart vårt ar-
bejde. Vi møtest jamt på
vegen, han i fuldt ordnat,
trufast dampende på pipa
si, til og frå gamleheim,
kyrkje eller andre oppgå-
ver. Vi har oppdaga hjå
kvarandre sams interesser
m.a. Petter Dass, — og no
er det Færøyane
Ein gong vi
nemde eg at til sommaren
tok eg turen til Færøyane.
Han greip ideen med det
same, og på ein blunk var
det avgjort at eg skulle bu
i barndomsheimen åt kona
hans i Tjørnuvik. For dei
som ikkje har gjesta dette
merkelege eysamfunnet
ute i storhavet, seier
namnet lite. På eit Færøy-
kart finn ein Tjørnavik
nordst på Straumøy med
Norskehavet rullande inn i
bukta. Det er ikkje mange
fastbuande liv i denne
bygda, kring 30 når ein
reknar hundane med, og
dei er bort imot halvpar-
ten.
Eg fekk veninna mi med
på ideen. »Ei vellukka
reise krev grundig førebu-
ing« sa presten, og kom
over til meg med stablar
av litteratur; om færøysk
folkeliv og fugleliv, om
næringsliv og tradisjonar,
målarkunst og diktning.
Det vart eit heilt studium
og aldri har eg vore so
førebudd pá ei reise,
trudde eg. For at alle
skulle vera sikker pá at vi
var dei personar vi gav oss
ut for á vera, kom presten,
dagen fer vi drog avstad,
men ein stakk smá, opne
brev. Det var helsinger til
presten pá Nes, Eysturey,
til visebiskoppen i Thors-
havn, til forstanderparet
på sjemannsheimen i
tunevikur, til presten på
Hvalba, Suderøy,
dessuten ei mengd helsin-
gar til slekt og vener. Det
tyktest mest som vi skulle
vera sendebod fra sjøl-
vaste paven.
Midtsommars flaug vi
avsatd frá ein varm,
dansk sommar, og to
timar seinare steig vi av
flyet på Vågøy — i bitande
møttest
kald nordanvind og pis-
kande regn. Men det var
ikkje lenge før vi gløymde
både kulden og regnet, for
landskapet, med si form
og sine fargar, tok tan-
kane. Vi hadde nok sett
ymse bilete av Færøyane,
men å stå der og ha det
rett framfor seg var noko
heilt anna. Og då vi
høyrde tjelden, (tjaldur)
nasjonalfuglen deira, som
flokka seg langs stren-
dene, kjende vi oss varmt
mottekne
Om kvelden
inn i ljorestova i Tjørnu-
vik. Det vesle steinhuset
frå omkring 1750, i dagleg
tale kalla »I køkinum«,
skulle vera heimen vår i
fjorten dagar. Vi sette
skorne frå oss i framhuset,
som skikk og bruk er i
bygda, og skjøna godt
ideen då vi såg dei tre-
kvite golva. Vi var på det
reine med at det var ikkje
kvar mann som fekk bu i
ljorestova, difor galdt å
fylgja skikken skulle vi
hava von om å verta god-
kjende — ikkje som turis-
tar — men, som vener av
låste vi oss
bygdefolket.
Langt ute i havgapet, i
skoddedisen, augna vi
Risin og Kellingen (trollet
og trollkona), fantastiske
skulpturar, skapt av natu-
ren sjølv, og som genera-
sjonar har vore inspira-
sjon til segner og eventyr.
Nyfikne var både folk
og fe — søm vi sjølve var.
Den første kom vitja oss
tidleg neste morgon. Ein
staut, gamal mann, ein av
dei eldste i bygda. Natur-
leg stiltrande kom han
inn, sette seg attmed
kjøkenoirdet og utan
oppmoding gav han seg til
å fortelja om daglegliv og
bragder på sjø og land.
Han forma ord og vendin-
gar til ei interessann
blanding av færøysk og
»gøtudansk« (det gamle,
danske skriftspråk) og
slutta jamt sogene sine
med: »således gik det til —
og sandt var det«.
Med eit lunt smil,
fortalde han om vikinge-
gravene aust i bakkane.
Dei vart først registrerte
og granska i 1956, graver
ein meiner er frå 900 talet.
Før 1956 hadde ingen tort
røra desse steinhaugane,
for alle hadde age for
gravene og var overtydd
om at ånda til dei ned-
gravne var det enno, ingen
tvil om det, og slik hadde
det vore i generasjonar. I
dag er gravhaugen freda
med fint steingjerde om-
kring, og bygdefolket
vernar om han som ein
heilag stad.
Sá kom en med to, store,
sprellevande torskar, ei
makelaus gáve. Eg spurde
kva han skulle ha for
fisken. Dá stilte fåmældte
Eli seg i breidstilling
oppmed døra og sa på
gøtudansk: »Du ejer
fisken!<. Aldri har eg átt
sá mykje fin fisk pá ein
gong.
Tida var det ingen som
rádde med. Dag og natt
gjekk i hop. Kvar tid på
døgeret var det radling
mellem husa, eller hundar
som gøydde i glad leik
saman med borna, meðan
konene trippa att og fram
til kvarandre med bindin-
gen (spøtet) og kaffikanna.
Ei nordisk livsglede så
naturleg bunden til ein
sommar — berre så altfor
kort og hektist.
I dei fleste husa møtte
vi tre generasjonar; den
minste i vogga, dei elste i
gong med å vøla eit eller
anna med barnaflokken
kring seg. Dei fortalde
soger, song og treysta
etter som det trongst.
Fjernsynet er framleies
ein ukjend ting í Tjernu-
vik.
Skulen deira var ei heil
soge for seg. Ei lita,
koseleg stove, med bustad
for lærarlyden i andre
høgda. Det var 6 elevar,
ein på kvart steg. For
omlag 30 år sida fekk
borna undervisning av dei
vaksne. Konene ordna seg
imellem kven som skulle
høyra ungane i lesing og
bibelsoge. Borna gjekk på
omgang i grenda frå kone
til kone. Det færøyske
landstyret likte ikkje
denne ordninga. Jamt
kom det folk frá skule-
styret i Thorshavn og
skulle røkja etter om
kunnskanmene var i orden
Det viste seg at borna i
Tjørnuvik fullt ut kunne
måla seg med dei som
gjekk i den offentlege
skulen
Vegen til denne bygda
kom i 1977. Folket der var
nokre av dei beste skatte-
ytarane på øyane, og no
krov dei sin eigen skule og
fast lærar. Fekk dei ikkje
det, så kom det ikkje eit
einaste øyre i skatt frå
Tjørnuvik. Då fekk dei
både skule og lærar.
Ein morgon var det
uvanleg mykje ståk ute i
garden. Vi reiv opp døra
og mødte ungar, koner og
menn som ropa i munnen
på kvarandre: grind!
grind! Ryggsekken vart
pakka i ei handevending
med kleplagg, niste og
lommelerke — og sá i fir-
sprang til bátsteda. Vi
spurde varsamt om skyss
til streymoy. Dei ság pá
kvarandre — og vi skjøna
grunne.
Kvinnfolk í bát pá veg
til grind, nei, det var ikkje
vanleg. Dei vart likevel
modige og tok oss med.
Det varde i timar før
grindekvalen var samla og
alle båts.ne gjorde seg klar
til åtak. Dei sette oss i
land først og det var vi
sers takksame for. Vit
setta oss i bakken og let
sola verma, såg med eit
halvt euga dei store,
melankolske dyra køyrde i
redsle på land, og der var
deira visse daude.
Så gjekk dei i gand med
på partera kvalen, med eit
reiskap av ein kniv som
berre færingar kan hand-
tera. Midnatt var dei fær-
dige og vi vart bedne opp
til formannen i bygda til
kaffi. Der kom dei alle —
og skvaldra om fangsten
og mykje anna vi ikkje
skjøna. Men, etter som
varm kaffi og brød gleid
ned, vakna glede over vel-
lukka fangst og godt sam-
arbeid, og det enda med ei
songglede vi aldri hadde
opplevd maken til.
Grindakvadet vart
sunge med taktfaste
rytmer og hand i hand
dansa vi ute pá bakkane
etter dei gamle táttur
(folkeviser), og ingen
gádde tida i den ljose
sommarnatta.
Ut pá morgonen sigla vi
utetter fjorden, med kval i
båten. Motoren gjekk
stilt og roleg medan
mennene frá Tjernevik
song sine gamle kvede. Vi
tukka oss saman, veninna
mi og eg, og mátte sanna
at presten vár var det
beste reisebureua i verda.
Vi vandra treytte, men
glade heim frá bátsteda og
ság at sylgjene (soleine)
nett hadde opna kruna si í
mete med morgonsola,
medan nye skybanker
kom sigande inn frá vest;
ein ny dag kom oss í mete.
Sá til Sudereyane med
helsing frá Paul prestur.
Det hevde seg á vera
midtsommarkvelden, Jo-
ansøka. Båten, ei stor,
moderne færge, »Smyril«
sigla oss over om kvelden.
Ombord mødte vi ein
folkehop ifrå alle øyar, og
enno ein gong fekk vi prov
på kvede og songkunst, og
ei dansarglede som aldri
ville taka ende. På Suder-
ey gjorde vi ærende várt
og nytta ellers tida til á
sjá pá ymse kappleikar
Eit syn var mellem anna
kapproing; karak-
teristiske høgstamna
båtar skar seg gjennem
bylgjene i sterk nordan-
vind, som om dei var
drivne av heilt andre kref
ter enn årar
Folk i bunader alle
stader. Eg tenkte ein
augneblink på 17. mai
heime, men, fikk det ikkje
til å passa. Dette var eit
anna folk, eit anna land,
med tradisjonar som vi
ikkje lenger forstår á gjera
bruk av.
»Smyril« skulle attende
om kvelden kl. 18. Vi stilte
på kaien i rett tid. Der var
ikkje eit menneske å sjå
utan kapteinen, som for-
talde at dei sigla ikkje før
kl. 22,30, for som han sa:
»Fotballkampen er ikke
slutt endnu«. Vi gav oss
over. Her rådde ingen med
tida. Eit døger fekk vi
ekstra på kjøpet, dá
skodde hindra flyet på
heimturen.
Sigrun Øvretveit
SD
AAA LT
U;