fríggjadagur 30. desember 1994síða 17
‹ fyrra síða allar 28 síður næsta síða ›
Hendan síðan hevði ongan tekst í PDF-skjalinum. Teksturin niðanfyri er lisin maskinelt (OCR) og kann hava villur.
Tekstur á síðuni
Tíðindablaðið CSA Nr. 249 — 30. DESEMBER 1994 Síða 17
Havsulene flyg forbi, sakte
opp og ned pá vinden. Lun-
dene stabbar rundt meg,
nysgjerrige som rgyskattar.
I sine kvite skjortebryst og
fargerike nebb er dei havets
papegøyer, ein fugl som
alltid gir deg godt humør.
Og når eg ser den majeste-
tiske havsula fly ved sidan
av den stressa lunden, ser eg
ytterpunktene i Atlanterha-
vet sin flygekunst.
Under meg er det klart
blått hav, horisonten mot
vest kan innehalde ein båt
eller to. Bak meg er det
grønt, kanskje grønare enn
Lidarende i Njål-saga.
Mykines
Staden er Mykines lengst
vest på Færøyane. Like ved
fyret på holmen kan vi
legge heile verda bak oss og
berre nyte naturen. Som så
mange stader i Norden er
det natur og berre natur. Og
få stader i Norden er det så
mykje natur, så einsamt
som her. På ei av dei minste
av dei bebygde 18 Færøy-
ane burdet 12-14 menneske
vinterstid. Rett vest er Is-
land det neste, og dit er det
20 timar med rutcbáten
sommarstid. I søraust kan
ein skimte fleire andre av
dei små øyane som den fær-
øyske diktaren William
Heinesen har samanlikna
med små sandkorn i ein stor
ballsal. Midt ute i havet,
midt mellom Norge og Is-
land ligg desse merkelege
grønkledte øyane, kledte av
gras frá topp til tå. Sagnet
seier at dei einaste trærne på
———.
Mellom lunder og
havsuler midt ute
i verdenshavet
Lunde på Mykinesholmen
Mykines er dei forsteina i
Korkdalen, forsteina og
veksande nedover sidan Ol-
av den heilage si tid.
Havsulene
Sulene svevar over dei to
store basaltsøylane der dei
har reir í to store koloniar.
Mykinesholmen er einaste
staden pá Færøyane havsu-
lene hekkar. Det er mange
segn knytt til denne store og
stasclege fuglen og ungane
syng kvar vår om sula
»vestan fyri Mykines<.
Kvar sommar fangar Myki-
nesmenn suler, ved á klatre
opp pá basaltsøylene eller
senke seg ned til dei andre
koloniane på holmen. Om
natta søv fuglane, og dei er
eit lett byte. Í den prisløna
filmen »Tre blink mod
vest< har den danske film-
fotografen Ulla Boje Ras-
mussen skildra dette sam-
spelet mellom fugl og folk, i
respekt for eit folk som har
den største respekt og dju-
paste kunnskap om fugleli-
vet dei har levd av i genera-
sjonar.
Havhestar, krykkjer,
tjeld, ein og sunnan lomvi,
hissige terner og gjerde-
smettar som på færøysk så
treffande heiter »miisa-
bróðir< (musebror) kan vi
sjå overalt.
Lundene ;
Men det er likevel dei far-
gerike, vraltande og tillits-
fulle lundene som domine-
rer. Kanskje er det ein halv
million eller så av dei her
ute, ein dryg times båtrcise
frå den nærmaste hamna.
Rcira er meir enn ein meter
inne í jordbakkane, og alle
folk har ul alle tider sett
godt etter at det ikkje finst
rotter pá Mykines. Fleire av
øyane pá Færøyane er rotte-
frie, og det er ein føresetnad
for at lundene kan overleve.
Mcd moldvarpar inne i ho-
lene blir det lite fred til ru-
ging og ungepass.
Det har vore fleire dárlege
ár ogsá for lundene. Báde
for lundene og andre alke-
fuglar som teist, alke og
lomvi er nebbsilda ein vik-
tig del av kosten. Og når
stortrålarane og kanskje og-
sá vilkárlege endringar í
smásildbestanden har gjort
det vanskelagare á finne
mat, er døde lundeungar
utanfor holene eit sørgeleg
og dessverre vanleg syn.
Heldigvis har det siste året
vore betre, så lundene trygt
kan fly ut på havet og kome
tilbake med nebbsild. Og
om kveldane flyg ungfugla-
ne i ring, ofte så tett at det
blir reine veggen. Rundt og
rundt flyg dei, systematisk
som eit rugdetrekk, berre så
mange, mange fleire fuglar
enn den einslege rugda over
tretoppane.
Krykkjene, rite på fær-
øysk, hekkar like ved den
einaste gangbrua over
Atlanterhavet
Av Jan Kløvstad
Alla Foto: Jan Kløvstad
K. 4
Bygda Mykines har 10—12
innbyggarar vinterstid, og
eit yrande liv sommarstid
Mykines er ei gamal jord-
bruksbygd med korn-
dyrking i mildare tider
Lengst ute på Mykines-
holmen står fyrtårnet, som
blinkar mot vest. Mellom
holmen og »hovudøya«
Mykines er det bygd ei
gangbru, den einaste gang-
brua over Atlanterhavet,
blir det sagt! Det tar ein
snau time i roleg gange á
kome seg frå bygda og ut til
den totale stilla på holmen.
Denne timen bringer oss
høgt opp på det graskledte
fjellet, og på tronge men
Framhald á síðu 23